onsdag 3. desember 2008

Juleavslutning


Mandag 24. november inviterte me foreldre/føresette og søsken til å vera med oss på siste øvinga før jul. Me song for dei som hadde møtt fram og som andakt såg me ein episode av 'Jarle-TV'. Det er på ein måte eit kristent barne-TV som er gitt ut på DVD. Etterpå fekk me pølse i brød og brus eller saft. Dei vaksne kunne og få kaffi. Me har øvd ein del på julesongar, for like over nyttår, mandag 5. jan, skal me synge på Barnejulefesten på bedehuset på Husnes. Kom og høyr på oss då!

søndag 19. oktober 2008

Familiegudsteneste på Valen

SVUSH var med og song på denne gudstenesta. Nokre av barna i koret var med og dramatiserte preiketeksten om den barmhjertige samaritanen.

onsdag 17. september 2008

Godt i gong med hausten!


SVUSH Barnegospel er godt i gong med hausten. Etter at det møtte nokså få songarar på første øvinga, var det ein flott flokk som var samla til øving mandag 15. sept. I tillegg til å synge saman har alltid ein av leiarane ein andakt på øvingane. Etter andakten går dei som ikkje har begynt på skulen ut i vetle-salen. Her leikar dei litt og syng enkle barnesangar. Dei i skulealder er igjen i møtesalen og øver inn litt meir utfordrande songar.

mandag 1. september 2008

SVUSH Barnegospel



Annakvar mandag har SVUSH Barnegospel øving på Husnes bedehus. Koret, som er for alle som er 4 år og oppover, startar opp att etter sommarferien mandag 1. september.

I haust kjem me til å vera heile koret samla i starten, for så å dele oss opp i to grupper. Då skal alle f.o.m. 1. klasse vera for seg sjølv. Me ynskjer velkommen til eit nytt semester, både til nye og gamle kormedlemmer.

onsdag 7. mai 2008

Bilder frå Sommaravslutninga!

Sommaravslutning 5. mai




Måndag 5. mai var det sommaravslutning for SVUSH. Då var me mange som fylte opp Husnes Bedehus. Ja, nærare 70 personar hadde møtt fram i det fine vår-været. SVUSH hadde ein minikonsert med songane dei hadde lært i år. Dei song godt i, og var kjempeflinke! Ingrid Marie Hellås hadde ein andakt om den bortkomne son. Og så var det utlodning. Det var mange fine premiar og mange som var heldige vant. Men andre var ikkje like heldige... Etterpå var det grilling ute. Då var det pølser, saft og kaffi! Alle fekk eta seg mette :)Velkommen på SVUSH til neste år igjen!